Hestene.no for salg/sletting. Riktig person kan fornye populariteten til websiden som i mange år var et møtested for hesteinteresserte. Kontakt: info (at) efremtid.no
Billig regnskap
www.facebook.com%2Fgroups%2F2325817531
+ Svar til tråden
Side 2 av 63 FørstFørst 1 2 3 4 12 52 ... SisteSiste
Viser resultater 11 til 20 av 627

Tråd: Fargegenetikk

  1. #11
    LisaFi
    Guest
    Vil nok det... Men hun sier ikke noe om det selv, hoppa i alle fall!? :)

  2. #12
    jilmavi
    Guest
    Ikkje blande begreper no :)

    For å svare på spørsmåla dine, Lisa: Eg reikner med at den hypotetiske blå hingsten er heterozygot for gråskimmelgenet, som er ein enkel dominant. Dette genet (G) er forøvrig epistatisk over så godt som alle andre gener. Hingsten er då Gg og hoppa gg, og du har 50% sjanse for grått føl ved kvar bedekking. Dersom han er homozygot GG, vil han alltid gje grå føl.

    Borkfargen og skimmelfargen er ikkje i slekt. Genet for gråskimmel er som sagt ein enkel dominant som i tillegg er epistatisk over omtrent alt anna. Ein borka hest er ein brun hest som har ein kopi av gulgenet (C^cr), som er ein inkomplett dominant. Det hadde eg tenkt å skrive meir om etter middag :)

  3. #13
    jilmavi
    Guest
    Del 3: Gult

    No som me har sett på grunnfargane svart og raud, og varianten brun, kan me byrje å byggje på med andre gener. Gulgenet, eller creme-genet, er vanleg i mange rasar. Det er ein inkomplett dominant, og virker sånn at det er ein fenotypisk skilnad på den heterozygote og den homozygote hesten. Det recessive allelet heiter berre C, og hestar som ikkje er gule, er homozygote for det. Det dominante allelet kallar me C^cr. "Cr" står opphavleg for "cryptic palomino" (løynd, skjult), men mange seier i staden crème/cream, sidan det er det populære namnet på genet.

    Gulgenet virker sterkare i dobbel oppsetnad enn i enkel oppsetnad. I enkel oppsetnad bleiker det raudt pigment til gult og kvitt, medan det som regel ikkje påverker svart pigment. (Meir om dette straks). Ein raud hest med gulgenet, ee CC^cr, vert gul eller palomino (leirljóst). Kroppen er gul, medan man og hale er kvite. Liksom raude hestar, kan gule hestar bere agouti utan at me kan sjå det på dei. Ein brun hest med gulgenet, E- A- CC^cr, vert borka eller gulbrun (moldótt; buckskin i Amerika og dun i Storbritannia). Ein svart hest med gulgenet E- aa CC^cr kallast gulsvart (glóbrúnt, smokey black), men ofte kan du ikkje sjå på hesten at han har eit gulgen. På Island kallast fargen glóbrúnt (eller muskótt). Kvifor du kan sjå gulgenet på nokre svarte hestar, men ikkje på andre, er uvisst. Ein teori er at det er to ulike alleler, men det er ikkje bevist. Palomino hest - Mørk borka hest

    Ein dobbeltgul hest er derimot lett å sjå. I dobbel oppsetnad slår gulgenet igjennom på både raud og svart grunnfarge. Alt pigment i hud, hår og auge vert sterkt bleika, så hesten får blå auge, rosa hud og fløtefarga pels i ulike nyansar. Ein raud hest med to gulgen ee C^crC^cr kallast cremello (gulkvit). Ein brun hest med to gulgen E- A- C^crC^cr kallast perlino (perlekvit), og ein svart hest med to gulgen E- aa C^crC^cr har ikkje eigentleg noko namn på norsk (kanskje sotkvit?), men på engelsk heiter det smokey crème. (Isl. hvítt, hvíting/-ur). Det er ikkje lett å sjå skilnad på ein cremello og ein perlino. Ofte kan perlinoen vere litt mørkare på kroppen, og ha markert mørkare man og hale, som regel i ein slåande oransje farge. Sotkvite/smokey crèmes skal vere meir askefarga over det heile, men eg har aldri sett ein sjølv. Det beste er å sjå på fargen til foreldra og/eller eventuelle avkom for å finne ut kva farge hesten er, eller å teste hesten. Det er mogleg å teste for raudt/svart, agouti og cream. Cremello hest

    Før i tida trudde folk at desse dobbeltgule ("double dilutes") var albinoar av di dei var så lyse og skjære. Men ingen har greidd å påvise komplett albinisme hjå hest, så det verste du kan seie om gulgenet er at det er ein slags form av pseudoalbinisme. Desse lysegule hestane er veldig bleike, men dei har pigment over heile kroppen. Om dei har kvite avteikn eller mønstre, synest dei mot resten av pelsen, som er ein eller fleire nyansar mørkare. Dei har mindre pigment enn mørke hestar, men dei har pigment. Ein hest med blå auge vil naturleg nok blunke mykje i skarpt lys, akkurat som menneske med blå auge. (Det er ikkje berre gulgenet som kan gje blå auge).

    Gulgenet finst i mange rasar, inkludert alle dei tre norske rasane. Det finst til dømes i halvblods, fullblods, islandshest, quarter, lusitano (og sikkert PRE, gøymd under gråskimla pels!), og i veldig mange andre rasar. Det finst derimot ikkje (lenger) i til dømes araber og haflinger. Gule og borka hestar er veldig fine å sjå på, og dei har ofte vore populære på grunn av dette. I manga rasar er det lov med heterozygot gule hestar, men ikkje med homozygot gule. Mange trur framleis at den homozygote fargen er ein defekt.

    Gule og borka hestar er umoglege å reinavle. Om du kryssar to gule (palomino) hestar ee CC^cr, har du 50% sjanse for gul/palomino, 25% sjanse for cremello og 25% sjanse for raud. Om du derimot kryssar ein raud hest ee CC med ein cremello ee C^crC^cr, får du 100% gul/palomino. Borka x borka kan gje svart, brun, raud, gulsvart, borka, gul, cremello, perlino eller smokey crème, dersom begge to er Ee Aa CC^cr.

    Gulgenet er epistatisk over brunt og raudt i enkel oppsetnad, og over så godt som alle andre gener i dobbel oppsetnad.

    Blakkgenet kjem i morgon! Viss nokon har bilete av gule hestar som dei vil dele, er det berre å leggje dei ut.
    Sist endret av jilmavi : 10-06-2012 kl 12:30 Årsak: Endra overskrift

  4. #14
    LisaFi
    Guest
    Du er jaggumeg flink, Jilmavi! :) Dette var lærerikt - og forståelig skrevet, også!

  5. #15
    Åh, er det sånn "ein del for dag"-opplegg?

    Dette var VELDIG interessant!
    .
    If it's not a Fjord - it's just a horse
    Bloggen
    .

  6. #16
    jilmavi
    Guest
    Det er eit sånt "skrive det eg får tid til innimellom eksamenslesinga"-opplegg Blakkgenet kjem... i kveld ein gong!

  7. #17
    Brun,Trym og Lucky Strike Karoline og gutta sin avatar
    Ble medlem
    Sep 2006
    Sted
    Sotra utenfor bergen
    Alder
    28
    Innlegg
    920
    Bilder
    13
    Utrolig spennenede:)

    Må si du kan masse jilmavi
    Hvil i fred Royal Pacific<3 Takk for alt!

    Hjemmesiden

    ''To love at all is to be vulnerable''-CS Lewis

  8. #18
    jilmavi
    Guest
    Takk! Tenk om eg hadde kunnet like mykje arabisk...

  9. #19
    kva farge er hesten på biletet ditt? Er det den cremello-hesten du har linka til?

    Gleder meg til å lese om blakkgenet, det kan eg dra over til fjordhesten. Litt lettare å skjønne det tykkjer eg!

    EDIT for å seie at eg såg avatarbiletet med ei anna forklaring, så skjønte det no.. ::P:
    Sist endret av Ingvild : 31-05-2007 kl 13:41
    .
    If it's not a Fjord - it's just a horse
    Bloggen
    .

  10. #20
    jilmavi
    Guest
    No er eg så nervøs for eksamen at eg må tenkje på noko heilt anna :)

    Del 4: Bleikt

    Den blakke fargen er velkjend for dei fleste, for i Noreg har me ein rase som i dag er utelukkande blakk. Blakk reiknast som den opphavlege villhestfargen eller urfargen for hesten. Den einaste nolevande villhesten, przewalskihesten eller den mongolske villhesten, er alltid brunblakk. Den rekonstruerte tarpanen er gråblakk (berre grå på fjordhestspråket). Ville eselartar er òg blakke. Ein reiknar med at hesten opphavleg var homozygot for blakk, og at det oppstod ein mutasjon som gjorde at nokre ikkje-blakke hestar dukka opp. Den blakke fargen finst i ei rekkje rasar, først og fremst i dei opphavlege rasane, dei som ikkje har blitt veldig foredla av fullblodsrasar. Døme er fjordhest, islandshest, nordsvensk, shetlands- og highlandponni, basjkir, yakut, sorraia, criollo og så bortetter. Han fins òg i rasar som quarter/paint/appaloosa, morgan og mustang, men i mange andre rasar er han blitt avla bort.

    Blakkgenet er ein enkel dominant, så det er nok med ein kopi av genet for å få ein blakk hest, og det er umogleg å sjå på fenotypen om hesten er homozygot eller heterozygot for blakk. Blakk er epistatisk over mange andre gener, det vil seie at det skal mykje til for å skjule eit blakkgen. Gulgenet i enkel oppsetnad på raudt, og i dobbel oppsetnad på kva som helst, gjer iblant ein god jobb, men skjuler sjelden alle teikna på den blakke fargen. Det blakkgenet gjer, er å bleike pelsen på kroppen nokre nyansar, same kva grunnfargen er. Ein svart hest med blakk vert grå på kroppen, ein brun hest vert beige, og ein raud hest vert lys raud eller oransjeaktig. Blakkgenet får pigmentet til å klumpe seg saman på eine sida av håret i pelsen, slik at håret vert delvis farga og delvis fargelaust. Det er difor blakke hestar ikkje er like blanke som andre. Medan fargen på kroppen er bleikare enn vanleg, har den blakke hesten mørke bein og mørk man og hale. Andletet er ofte mørkare enn kroppen, og øyro har ein mørk rand og mørke tipper. Hesten har òg ein ål, ei ryggstripe (eng. dorsal stripe) som starter i panneluggen og går gjennom mana (midtstol), over ryggen og heilt ned i halen (halefjør). Mange blakke hestar har horisontale striper på beina, kalla sebrastriper, samt ein mørk flekk foran på kvar overarm. Nokre blakke hestar har klart tofarga man (som fjordhesten), andre har berre litt kvitt ytst på kvar side av mana, og atter andre har einsfarga man. Striper og flekker - Midtstol og øyrer - Halefjør - Ål (og stussleg hest :) )

    Det dominante blakkallelet heiter D, og det recessive d, av engelsk dun. (Dun tyder eigentleg blakk, men i Storbritannia og i Irland pleier dei å kalle borka hestar dun). Ein svart hest med blakkanlegget E- aa D- kallast grå (viss det er ein fjordhest), gråblakk eller musegrå. (isl. móálótt/mósótt, eng. grullo/grulla, blue dun, black dun). Ein gråblakk hest er som regel grå på kroppen, med svart eller svart og kvit man og hale, mørkt andlet og mørke bein. Ålen er svart og tydeleg. Fargen på kroppen kan vere alt frå nesten svart til lys grå, nesten kvit. To gråblakke hestar Ee aa Dd kan få svarte, raude, gråblakke og raudblakke føl. Liksom svart x svart, kan ikkje gråblakk x gråblakk gje brune eller brunblakke føl.
    Mørk gråblakk hest - Lys gråblakk (grå) hest


    No må eg nesten sove, for i morgon er det siste eksamen. Eg skal bort i helga, men lovar å skrive ferdig om dei blakke så fort eg kan. God helg :)
    Sist endret av jilmavi : 11-06-2008 kl 12:28 Årsak: Skrivefeil

Informasjon om denne tråden

Brukere som leser i denne tråden

Det er 1 brukere som leser i denne tråden. (0 medlemmer og 1 gjester)

     

Regler for innlegg

  • Du kan ikke opprette nye tråder
  • Du kan ikke svare i tråder
  • Du kan ikke legge til vedlegg
  • Du kan ikke endre dine innlegg