Hestene.no for salg/sletting. Riktig person kan fornye populariteten til websiden som i mange år var et møtested for hesteinteresserte. Kontakt: info (at) efremtid.no
Billig regnskap
www.facebook.com%2Fgroups%2F2325817531
+ Svar til tråden
Side 1 av 63 1 2 3 11 51 ... SisteSiste
Viser resultater 1 til 10 av 627

Tråd: Fargegenetikk

  1. #1

    Fargegenetikk

    Veit at det er fleire her inne som er gode på fargar.. Det er eit par slike trådar på islandshestforumet, men eg lurte på om nokon kunne seie noko generelt om fargegenetikk, noko som kan brukes på alle raser?

    Eg har lest litt om dette når det gjeld fjordhest, men vil gjerne sjå "samanhengen", for den har eg ikkje skjønt enda..
    .
    If it's not a Fjord - it's just a horse
    Bloggen
    .

  2. #2
    Henger meg på denne.. jeg er helt grønn på farger x] hehe :p



  3. #3
    uten Lunaen Line sin avatar
    Ble medlem
    Aug 2006
    Sted
    Trondheim
    Alder
    28
    Innlegg
    1.761
    Bilder
    1
    Dette er et utrolig spennende tema, egentlig.. Lagt merke til at mange her inne kan mye om dette!
    VetlaLuna, takk for alt du har lært meg og to fine år!

  4. #4
    *rope på jilmavi*
    .
    If it's not a Fjord - it's just a horse
    Bloggen
    .

  5. #5
    jilmavi
    Guest
    Eg har lagt lenkjer til dei andre innlegga mine under dette, så de skal slippe å bla fram og tilbake.

    Del 1: Grunnleggjande mendelsk genetikk og viktige uttrykk

    For å forstå korleis hestefargane fungerer, må me ha ein viss kjennskap til elementær genetikk. Eg skal freiste å forklare nokre uttrykk som kjem til å dukke opp seinare.

    Først: Hestar har 64 kromosomar, altså 32 par, i kvar celle i kroppen utanom kjønnscellane der kromosomane ikkje opptrer i par. Her finst arvemassa som bestemmer korleis hesten skal sjå ut, både på utsida og innsida. Hesten får eitt kromosom i kvart par frå mora og eitt frå faren.

    Arvemassa kallar me gener. Kvart gen sit på eit locus (latin: stad, plass, fleirtal loci), og på kvart locus er det plass til to kopiar av genet som høyrer heime der. Dei to kopiane kallar me alleler. Dei to allela kan vere like eller ulike. Dersom ein hest har to like alleler på eit locus, seier me at hesten er homozygot for det allelet eller den eigenskapen. Dersom han har to ulike alleler, er han heterozygot for allelet/eigenskapen. Det kan vere to eller fleire alleler på eit locus, men hesten kan naturleg nok berre ha to av dei på ein gong.

    Gener kan vere recessive (vikande), dominante eller inkomplett dominante. Viss eit gen er dominant, trengst det berre ein kopi av det for at eigenskapen det styrer skal kome fram. Dersom det er recessivt, trengst det to kopiar. Dei inkomplett dominante skal eg kome attende til seinare.

    Alle kartlagde gener har namn, stort sett nokre tal og bokstavar. Til dagleg bruker me som regel ein eller to bokstavar når me skal snakke om gener. Det dominante allelet skriv me med stor bokstav, og det recessive skriv me med liten bokstav. Det er ikkje alltid me kan vite om ein hest har eitt eller to dominante alleler, og då setter me ein strek i staden for det allelet me ikkje kjenner.

    Uttrykka "dominant" og "recessiv" brukast berre om alleler på same locus. Nokre fargegener kan overstyre andre fargegener på andre loci. Då seier me at det genet som overstyrer det andre genet på det andre locuset er epistatisk. Det genet som vert overstyrd, kallast hypostatisk.

    Til slutt vil eg poengtere skilnaden mellom genotype og fenotype. Genotypen er heile hestens genoppsetnad, altså dei faktiske allela som finst på kromosomane hans. Fenotypen er utsjånaden hans, altså korleis genene kjem til uttrykk så me kan sjå det med det blotte auge. Fenotypen påverkest sjølvsagt òg av eksterne faktorar. Det er vel verdt å hugse at to fenotypisk like hestar kan ha svært ulik genotype.

    Extension og agouti: raud, svart, brun.
    Cream/cryptic palomino: gult
    Dun: blakk, del 1
    Dun: blakk, del 2
    Silver: sølv
    Grey og roan: gråskimmel og konstantskimmel
    Sist endret av jilmavi : 20-02-2009 kl 12:19 Årsak: La til lenkjer

  6. #6
    Gleder meg til fortsetjinga
    .
    If it's not a Fjord - it's just a horse
    Bloggen
    .

  7. #7
    jilmavi
    Guest
    Eg held fram frå i går:

    Del 2: Hestens grunnfargar. Raud, svart, brun: Extension og agouti.
    No skal me sjå på kva for fargegener me finn hjå hesten, og korleis dei virkar. Me såg at gener finst på ulike loci, og at det er plass til to alleler (genkopiar) på kvart locus. (Altså eitt på kvart kromosom i eit par hjå hestar). Alle hestar har alle loci. Ein raud hest har òg dun-locus der genet for blakk farge sit, men han har to kopiar av det recessive, ikkje-blakke allelet. Dette er viktig å forstå. Vidare har ein hest to grunnfargar: svart og raud. Alle hestar er i botnen anten svarte eller raude. Alle alleler av alle andre fargegener kan finnest samtidig med ein av desse fargane, og dei kan modifisere grunnfargen, skjule han heilt eller delvis, eller sjølv gøyme seg bak han, men grunnfargen finst alltid der. Ein hest kan ikkje vere genetisk svart og raud på same tid slik ein katt kan (eg kan forklare meir om det seinare), men alle andre fargeanlegg kan han ha på ei gong.

    Hestar har to typer pigment: raudt (faomelanin) og svart (eumelanin). I vanleg pattedyrgenetikk (mus, rotte, kanin, marsvin, hund osb) er det vanleg å nemne genet C (color) som gjev farge. Motstykket til C er c, som er recessivt og forårsakar albinisme. Ekte albinisme finst derimot ikkje hjå hestar, så alle hestar er ein form for CC. (Eg kjem tilbake til dette seinare, under gulgenet). Genet B (black) er det som gjev svart pigment. Det recessive allelet b (brown) gjev brunt pigment, som me kan sjå i mange hunderasar (til dømes dobermann, labrador, springer spaniel osb). Dei fleste forskarar er samde om at alle hestar er BB. Difor kjem eg ikkje til å ta med desse anlegga framover, me treng berre å hugse på at hestar aldri er ekte albino cc og aldri har brunt pigment bb.

    Det første locuset me skal sjå på, er extension. Extension er det genet som sørger for at svart farge kan spreie seg utover heile kroppen på ein hest. Det er det dominante allelet E som gjer dette. Det recessive allelet e er det som gjev raud farge. Ein raud hest har dimed genotypen ee, og to raude hestar kan berre få raude føl tilsaman. Ein svart hest har anten genotype Ee eller EE. Det er umogleg å sjå på fenotypen om ein svart hest er homozygot eller heterozygot for svart E. Det kan me berre vite ved hjelp av foreldre, avkom eller ein gentest. Ein svart hest som har ein raud eller raud-basert forelder, kan aldri vere homozygot for svart. Og ein svart hest som får raudbaserte avkom er heller ikkje homozygot for svart. To heterozygot svarte hestar kan dimed få raude føl. Når me ikkje veit om hesten er Ee eller EE, skriv me E-.
    Svart ponni - Raud hest - Brun dobermann

    Agouti er det genet som gjer ein svart hest brun. Det er kalla opp etter ein sør-amerikansk gnagar som er typisk viltfarga, det vil seie at fargen ligg i band på håra i pelsen. Hjå dei fleste dyr gjev agouti nettopp slik viltfarga pels, men hjå hesten virkar det ved å hindre det svarte pigmentet i å breie seg over heile kroppen. Ein svart hest med agouti har dimed raudbrun kropp og svarte ekstremitetar eller punkter; det vil seie bein, man, hale, pannelugg og øretippar. Me kaller denne fargen brun. Det er det dominante allelet A som gjer dette; det recessive, a, tillet svart farge over heile kroppen. Agouti A er dimed epistatisk over extension E. På ein raud hest har ikkje genet nokon virkning, av di det ikkje er noko svart pigment å begrense. Ein raud hest kan vere ee aa, ee Aa eller ee AA. Igjen kan me ikkje vite dette sikkert berre ved å sjå på fenotypen. To hestar som er EE AA kan berre få brune avkom. To hestar som er Ee AA kan berre få brune og raude avkom. To hestar som er Ee Aa kan få brune, svarte og raude avkom. Brun ponni

    No må eg nesten lese litt arabisk, men eg skal skrive meir om gulgenet og blakkgenet i ettermiddag.
    Sist endret av jilmavi : 11-06-2008 kl 12:17 Årsak: Tok bort ei forvirrande setning.

  8. #8
    Mari
    Guest
    Interessant!!!!!!!!!!!!!

  9. #9
    LisaFi
    Guest
    Altså, hvor stor er f.eks sjansen for å få et skimlet avkom om jeg bedekker min borkete hoppe med f.eks en "blå" dølehingst?

    Er "bork" fargen og skimmelfargen " i slekt"?

  10. #10
    Reaper
    Guest
    Lisa: det vil vel komme ann på hvem som har recessive og dominante gen

Informasjon om denne tråden

Brukere som leser i denne tråden

Det er 1 brukere som leser i denne tråden. (0 medlemmer og 1 gjester)

     

Regler for innlegg

  • Du kan ikke opprette nye tråder
  • Du kan ikke svare i tråder
  • Du kan ikke legge til vedlegg
  • Du kan ikke endre dine innlegg