PDA

Se full versjon : Kommunikasjonslongering - forskjellige signal for samme ting?



Ingvild
10-03-2007, 00:21
Eg er forvirra.

For å gjere ei lang historie kort: Eg og Karisma var med på "NH-kurs" for to år sidan. Vi lærte der å longere på den måten som Peer Werner Vogel gjer i videoen sin "kommunikasjon ved longering". Det var veldig interessant, og eg og Karisma jobba masse med dette etterpå.

No når eg fekk ho att, prøvde eg berre lett å gjere dette eit par gonger, og det gjekk fint. Det var berre sånn "gå rundt meg, trav, holdt, snu, skritt" osv. Med ein gong eg skulle begynne å gå litt vidare sa det stopp opp i hovudet mitt. Eg hugsar ikkje lengre korleis eg gjor forskjellige ting, sånn som å få hesten til å snu i fart etc. Alt eg tenkte vart berre heilt logisk feil i praksis.

Såg i dag på den tidlegare nemnte filmen, og den gjorde meg berre enda meir forvirra. Er det det beste å gi hesten EIN kommando på f.eks. rygging? Vil eg forvirre hesten ved å ha to forskjellige "beskjedar" som betyr det samme? Eg ser det praktiske med å ha ein som ein bruker når hesten er i grime og ein som ein bruker elles, men korleis få hesten til å skjønne at den skal reagere likt på to forskjellige ting?

Og ein ting til. Karisma "invaderer" lett mitt personlege rom, og sjølv om eg "briskar" meg mot ho (veit ikkje korleis eg skal forklare det, men seier i frå om at dette en min plass), så hører ho ikkje på meg.. Det var ikkje slik før, ho har forandra seg litt på den måten sidan eg hadde ho før.

Nokon som har råd eller tips eller noko? :)