PDA

Se full versjon : Hva må fjordhingstene "gjennom" for å bli kåra?



Oda
26-04-2009, 15:22
Har søkt en del rundt på nettet, men finner ingenting.. Derfor trenger jeg litt FH-hjelp! :D

For at en fjordhingst skal bli kåra, skal den mønstres og gjennom en bruksprøve? Eller trenger den bare å mønstres?

Hva går isåfall en slik bruksprøve ut på?

Hva "ser" dommerne etter, og hva er uønsket?

Ingvild
26-04-2009, 15:26
Dei må mønstrast, både klassevis mønstring og einskildmønstring. I tillegg må dei gjennom ei lausmønstring og ei køyreprøve. Under køyreprøva må dei spennast føre, spennast frå, skrittast, tråvast, ryggast, køyre åttetal og gjere holdt i oppover- og nedoverbakke.

Hesten må oppfylle måla i avlsplanen for å verte kåra.

For meir utfyllande informasjon kan du lese avlsplanen, bruksprøvereglementet og utstillingsreglementet.

Mari
26-04-2009, 15:27
Når ein hingst skal stillast fyrste gong, så må han synast fram for dommarane, for veterinæren og til køyreprøve. Under alle momenta blir lynnet vurdert. Du finn dei ulike momenta i køyreprøva på nhest.no sitt bruksreglement. Når hesten fyrst er kåra, og møter opp igjen for å kanskje få premie, altså oftast som fireåring, er det meir inngåande bruksprøve, med test på stasjon - der det inngår ridning i ulike former, køyring, adferd på stall+++.

Godt lynne, ingen unoter og gode brukseigeskaper er viktig. Sikkert nokon her som kan gjeva deg eit meir detaljert svar.