PDA

Se full versjon : Utval av avlsdyr



Ingvild
11-11-2007, 17:43
Eg har ikkje peiling på korleis ein vel ut avlsdyr innanfor dei forskjellige rasene. Her kan alle som har peiling legge inn korleis det vert gjort i "di" rase. Tenkte dette som ein rein informasjonstråd, og ikkje ein diskusjonstråd på korleis ting vert gjort. Eg er veldig interessert i dette, men veit så lite om korleis ting foregår innanfor andre raser enn fjordhest. :)


----------
Fjordhest

Kravet for alle fjordhestar som skal premierast: Dei må ha kåra far, og vere registrert i stamboka.

Hopper: Alle hopper kan gå i avl, uansett. Det er likevel ein fordel at dei vert premierte. Hoppene kan stillast første gong når dei er 3 år, og dei må då gjennom ei bruksprøve; køyreprøve. Her får dei ein samla sum, opp til 50 poeng. Køyreprøva innebærer forspenning, fråspenning, skritt, trav, små volter, rygging og bakkeprøve (holdt i oppover- og nedoverbakke). Hoppene får følgjande eksteriørmessige karakterar (frå 1-10, 5 og over er godkjent): rasetype og -preg, kroppsbyggjing og muskulatur, beinkvalitet og beinstilling, bevegelsar, heilheit eksteriør. Hoppene kan få premiegrada "godkjent", 1., 2., eller 3. premie.

Det er berre første gongen hoppene vert stilt at dei treng å avlegge bruksprøve, men om dei vil kan dei ta oppatt køyreprøva ved ei seinare anledning, eller dei kan ta rideprøve om ynskjeleg.

Hingstar: I fjordhestavlen er det kun lov med avl på kåra hingstar. Hingstane kan møte på hingstekåring første gong våren dei er 3 år, og her må dei gjennomgå bruksprøve(køyreprøve) og eksteriørbedømming. Dei kåra hingstane må tilbake det året dei er 4 år, for å gjennomgå ei utvida bruksprøve og ny eksteriørbedømming. I den utvida bruksprøva vert dei i ei testperiode på 5 veker testa/observert i laushopping, fri syning, køyring med lett vogn, arbeidskøyring, riding, reaksjon i trafikk, traveigenskapar og framdrift, åtferd på stall, lynne og heilskapsvurdering. På sjølve utstillinga har dei ein avslutningstest der dei vert vist i mange av desse greinene. Den utvida bruksprøva er til for å få eit betre innblikk i kva slags brukseigenskapar hingsten har. Hingstar som vert kåra som 5-åringar treng berre å gjennomgå ei eindags bruksprøve året etter.

Det året hingstane er 8 år må dei møte tin ny individdømming. Dei avgjerande faktorane for kva som skjer med premiegrada til hingsten er kor god hingsten har synt seg å vere i avl, og kor gode og haldbare hingsten sjølv og avkomma hans er.

På hingsteutstillinga er det tre klasser, med forskjellige reglar for oppnåeleg premiegrad
Klasse 1: Hingstar 6 år og eldre – 1., 2., 3., premie, eller ”Kåra”
Klasse 2: Hingstar 4 og 5 år – 2., 3. premie eller ”Kåra”
Klasse 3: Hingstar 3 år – ”Kåra”
Hingstane kan stillast i kvalitet i alle klassene.

Eksteriøret vert dømt etter dei same kriteria som hoppene.
Brukseigenskapane vert dømt etter desse punkta:
Allsidigheit
Køyreeigenskapar
Rideeigenskapar
Rørsler
Lynne

Levinja
11-11-2007, 20:26
Da annbefaler jeg deg å gå inn på norsk hestesenter http://www.nhest.no/avlsplaner.html her finner du avlsplaner for 11 raseorganisasjoner.
Det er bedre å laste ned og lese selv, da blir det ikke feilopplysninger og missforståelser.