PDA

Se full versjon : Innkøyring- livredd kusk.



Ann Lajla
02-09-2007, 22:30
Først historia (gjer den kort): Var 10-11 år og køyrde Heidi, sjekna knakk og hesten tok ut. Mamma som satt på hoppa av for å lette vekta på vogna, og ei jente som sat på skreik for livet. Etter 100 meter fekk eg stoppa hesten og fekk av vogna. Etter det har eg nesten ikkje køyrd pga mi usikkerheit. Det går fint å sitje på, så lenge det ikkje går for fort.

Problemet mitt no:
Kjøpte i fjord ein åringshingst, og har prøvd no lenge å selge han. Planen var å køyre han ein del før eg selgde han, men har aldri tatt mot til meg å fått gjort dette. Han er veldig grei å taumkøyre, han lystrar alle komandoar, det går veldig fint. Å få han i vogna går som regel greitt (går litt utafor når eg rygger osv, men han står fint når alle fire bein er imellom sjeknane).

Køyrde Gorm for første gong på torsdag. Han gjekk heilt fint, og vogna var ingen problem. Eg gjekk på sida, og han gjekk heilt fint. Så skulle me snu; eg gjekk fram til han for å ha meir å ta tak i om noko gjekk gale. Han var rask i snuinga, raskare enn eg ville ha han til, så eg tok snuinga i delar. Det gjekk fint, og me fortsatt tilbake. Me kom til ein annan snuplass som var litt mindre, han gjekk litt for fort for mine nervar, men me kom oss rundt.

I dag skulle eg køyre han igjen og det viser at eg ikkje er ein kusk ivertfall. Spente for og køyrde same veg som sist, alt gjekk heilt fint. Då me skulle snu tenkte eg å gi han litt meir friheit enn sist, og då byrja han nesten å trave. Eg fekk etterkvart stoppa han. Tok tak framme i taumen og sa "fram" då durte han framover, eg stod på stive bein for å stoppe han og måtte til slutt skrike for å få han til å stoppe (veit veldig godt at det skal ein ikkje gjere, men det berre kom eg var så redd). Einaste eg tenkjer på er: NO øydelegg eg hesten, og får nok ein ukøyrbar hest. Prøvde to gongar til å få snudd han, og men han gjekk på og eg blei livredd. Spente fra på staden, eg måtte få ein pust i bakken for å ikkje bryte saman.

Kva i alle dagar skal eg gjere? Har tenkt tanken å setje han vekk til innkøyring, men det har eg ikkje råd til. Og eg er usikker på om dette er ein hest eg vil "sløse vekk" 5-6000,- på for å få køyrd inn hos andre. Har ingen her som kan det til å hjelpe meg, og som sagt så tørr eg ikkje sjølv.

Har dykk nokre tips til korleis eg skal få til dette? Er temmeleg oppgitt her eg sit. Tenkjer på å melde meg på trening med Ove Natland, men hesten er jo berre 2 år.. Har også tenkt på det om VISS hesten tek laust inne på ei ridebane... Huff, ja er veldig pingle når det kjem til køyring og ikkje minst fart. Synast det er råtøft å sjå på andre som køyrer, men med ein gong eg kjem bak tøylane får eg heilt panikk om hesten øker farta pittelitt.

Sol
02-09-2007, 22:36
Nå veit jo ikke jeg hvordan det er med snø der du bor.. men her hos oss er det rimelig mye snø på vinteren.. vi pleier derfor som oftest å kjøre inn hester på vinterføre, ute på en hamning som er inngjerdet.. på den måten blir det tungt å løpe langt, og det er ingen biler eller andre ting som kan distrahere hesten de første gangene.. ei heller er det særlig hardt å lande i snø. eller noe særlig stor fare for at hesten skader seg.. Kan det være noe?

JOHANNE
02-09-2007, 22:37
Meld deg på kurs med Ove eller Henriette og få hjelp av trenar dei første gongane eller heilt fram til at du føler deg trygg på å kjøyre sjølv åleine ;)

Eller så kan du få nokon til å leie hesten framme medan du sitt i vogna?

Ragnhild
02-09-2007, 22:43
Bli med på begge Ovekursa! Ove er dyktig kjøreinstruktør!

Psst Johanne: Henriette har flytta ;)

JOHANNE
02-09-2007, 22:45
Bli med på begge Ovekursa! Ove er dyktig kjøreinstruktør!

Psst Johanne: Henriette har flytta ;)

Ja, tror nesten Ove er flinkere i kjøring enn sprang :roll:

Åja, haha! Har ikke ridd for henne siden.. 2006.

Lucinda
02-09-2007, 22:53
Eit tips eg vil gi deg er att du ikkje bør gå ved sidan av. Sitt heller i vogna. Da har du mykje meir du skulle ha sagt om hesten springer til. Ein to år gamal fjordingshingst toler å ha nokon oppi vogna.

Ingvild
02-09-2007, 23:01
seier som eg sa til deg i sta; ver med på kurs! få nokon som er tryggare enn deg til å vere med å køyre :)

Marte+Quicky
02-09-2007, 23:06
Hva med å prøve å sitte i vogna mens en annen leier hesten?

Ann Lajla
02-09-2007, 23:18
Ja, vurderer sterkt kurs.

Ang det å sitje i vogna: Joda, har tenkt på det også, men så har det seg sånn at viss hesten ikkje vil stå og eg tek i taumane ryggern den (det gjer ALLTID hestane eg køyrer), og då stoppar dei ikkje før eg spring fram for får den stoppa. Det er ein grunn. Og som sagt: så fort eg kjem bak taumane tenkjer eg berre på at "no øydelegg eg hesten", og det hjelp ikkje å sitje i vogna.

Det å få nokon te å halde framme: som sagt, å køyre på strekke går heilt fint. Det er snuinga som er problemet.


Nå veit jo ikke jeg hvordan det er med snø der du bor.. men her hos oss er det rimelig mye snø på vinteren.. vi pleier derfor som oftest å kjøre inn hester på vinterføre, ute på en hamning som er inngjerdet.. på den måten blir det tungt å løpe langt, og det er ingen biler eller andre ting som kan distrahere hesten de første gangene.. ei heller er det særlig hardt å lande i snø. eller noe særlig stor fare for at hesten skader seg.. Kan det være noe?
Det var INGEN dum idè! Her brukar å vere høge (1m) brøytekantar, og derav dårleg med plassar å snu.. Så der får eg eit problem; må då enten snu på ein fot eller køyre 1 km kvar veg ifrå huset vårt for å få snudd. Hadde også håpt å få køyrt han ein del før vinteren, då eg har lyst å få selgt han iløpet av dette året... Reknar med eg blir sitjande med han i vinter, så kan kanskje mase på naboane ang brøyting av parkeringsplassar.

stallflua
03-09-2007, 08:28
Eg vil i første omgang vertfall anbefale å ha hjelpar at med deg når du køyrer!! I slike tilfeller som du skriv her med Gorm, får eg en følelse av at han skal prøve å komme seg fri frå vogna, og då er det best å vere ein framme med hesten og ein som har taumane og sit i vogna. Det er heilt vanleg at hestane prøvar på slikt, me då er det enno viktigare at han ikkje kjem seg " fri " frå vogna , for då har hesten " vunne " slaget, og det vil vanskelegare og vanskelegare å få han til att...... OG som andre seier: bli med på kurs!!!

Ann Lajla
03-09-2007, 09:16
Ja, det er også eit problem eg har: ingen å ha med, som KAN hjelpe meg. Hjelp lite med ein person som berre sitt der som ein sekk og ikkje er hendt til å hjelpe når eg treng ei hand. Det er den største grunnen til at eg aldri får køyrt hestane... Får melde oss på kurs tenkjer eg, eg blir som regel roligare når eg køyrer på bane.

Mari
03-09-2007, 09:29
Huff, kjenner til det der ja. Var en stund veldig redd for å i det hele tatt gå ved siden av/bak en hest etter at jeg ble sparket under tømmekjøring, men det hjalp for meg å sette seg opp i vogna, følte jeg fikk mer kontroll da.

anitab
03-09-2007, 09:36
Ann Lajla, eg kan gjerne hjelpe deg viss du vil.

Ann Lajla
03-09-2007, 10:01
Vil du? tek imot den hjelpa eg kan få! :)

Sol
03-09-2007, 11:23
Vi pleier ikke brøyte løyper vi.. pleier å begynne å kjøre når det er ca 20 cm csnø. og la hestene lage sin egen løype... det pleier de å syns er sånn passe slitsomt, sånn at de løper ikke særlig langt.. også blir de jo veldig sterke i kroppen da, av både å vasse og å trekke:)

Høres ut som du har fått endel gode råd, og litt hjelp av noen som kan. Lykke til hvertfall!

anitab
03-09-2007, 11:26
Send meg ei melding du Ann Lajla, så avtalar vi.

Ann Lajla
03-09-2007, 12:05
Jess :) Skulle vore litt betre vær til sånt.. hehe..

Ingvild
03-09-2007, 12:10
sånn er det å bu på sunnmøre ;)

Tone
03-09-2007, 12:31
I snuinga hvis hesten får det litt travelt rundt- hold på yttertømmen for å bremse! Forutsatt at du sitter i vogna:p

Marianne
03-09-2007, 13:12
Ja, vurderer sterkt kurs.

Ang det å sitje i vogna: Joda, har tenkt på det også, men så har det seg sånn at viss hesten ikkje vil stå og eg tek i taumane ryggern den (det gjer ALLTID hestane eg køyrer), og då stoppar dei ikkje før eg spring fram for får den stoppa. Det er ein grunn. Og som sagt: så fort eg kjem bak taumane tenkjer eg berre på at "no øydelegg eg hesten", og det hjelp ikkje å sitje i vogna.

Det å få nokon te å halde framme: som sagt, å køyre på strekke går heilt fint. Det er snuinga som er problemet.


Det var INGEN dum idè! Her brukar å vere høge (1m) brøytekantar, og derav dårleg med plassar å snu.. Så der får eg eit problem; må då enten snu på ein fot eller køyre 1 km kvar veg ifrå huset vårt for å få snudd. Hadde også håpt å få køyrt han ein del før vinteren, då eg har lyst å få selgt han iløpet av dette året... Reknar med eg blir sitjande med han i vinter, så kan kanskje mase på naboane ang brøyting av parkeringsplassar.

Har du lært hesten at den skal gå fram når du bruker tømmene på rompa da?

Marianne
03-09-2007, 13:23
Hva gjør du når hesten rygger bakover?

Ann Lajla
03-09-2007, 15:39
Bruker stemme-komandoar (som han lyder ganske bra), og så legg eg på piska på rompa om han ikkje høyrer etter. Viss hesten fortsette å rygge gir eg ein liten smekk, viss ikkje det hjelper har hesten som regel rygga så langt det er fare for å køyre utafor kanten av vegen, at eg må springe fram for å stoppe hesten.

Gorm har ikkje gjort dette, for å leggje til det, men det er tidlegare erfaringar. Når eg har taumkøyrd han har han to gongar rygga, men stoppa til slutt når eg har vore streng i stemma og lagt på piska på rompa.

Filizity
03-09-2007, 16:25
jeg ville absolutt prøvd meg på et kurs:)

freddy
05-09-2007, 18:23
Hallo.Gå på kurs ,føre du ødlegg både deg og hesten..jeg driv med temming sjøl,så je hveit hva je snakker om..Er du uerfaren så skader du både deg sjøl og ikke mins hesten du jobber med,få faglig hjelp,da er du i trygge hendere. lykke til.. Vriiinsk..