PDA

Se full versjon : Heterozygot/Homozygot



HesteHeidi
19-08-2007, 16:42
Hei! :) Lurer på hva Heterozygot/Homozygot er for noe og hvordan vet man om hesten er det?

(Kanskje litt feil å ha dette innlegget her, men vet ikke hvor ellers :S)

Reaper
19-08-2007, 16:44
Homozygot er ihvertfall når hesten sin farge foreks er dominant.
Altså uansett hva slags farge hoppa har, så vil avkommet få foreks flekker, om hingsten er homozygot.

jilmavi
19-08-2007, 16:59
Alle burde kjempe seg igjennom fargegenetikktråden (http://www.hestene.no/forum/showthread.php?t=13460), altså :)

Reaper er inne på noko, men ikkje heilt teknisk korrekt. Me seier at ein hest er homozygot for eit gen når han har to kopiar av det aktuelle genet i genoppsetnaden sin. Hesten vil då alltid gje ein kopi av genet han er homozygot for til alle avkom. Det treng ikkje alltid å påverke utsjånaden (fargen, sidan me som regel snakkar om farge) til hesten. Men det enklaste eksempelet er kanskje som Reaper sa, tobiano. Ein hest som er homozygot for tobiano (det vanlegaste flekkemønsteret) vil alltid gje eit tobiano-gen til avkomma sine. Tobianogenet er dominant og treng berre ein kopi for å slå igjennom i fargen på ein hest, så alle avkomma vil få flekker i større eller mindre grad.

Men berre for di ein hest er homozygot for eit gen, treng det ikkje bli slik at alle avkomma får den fargen. Ein hest som er homozygot for svart kan berre gje avkom med svart grunnfarge, men om den vert parra med ein hest som har genet for agouti, kan følla bli brune. (Agouti er det genet som gjer hestar brune, det fortrenger den svarte fargen frå kroppen og ut i bein og man/hale). Og ein raud hest er alltid homozygot for raudt, for det genet er recessivt. Ein raud hest kan berre gje raude gener vidare, men om følla vert raude eller ikkje, kjem jo heilt an på fargen til den andre forelderen.

Fjordhestar er forresten homozygote for blakk, det er difor fjordhestblandingar alltid er blakke i første generasjon. Kva farge dei har i tillegg til blakkgenet kjem an på fargen til foreldredyra.

Reaper
19-08-2007, 17:00
ja, se der ja, vår reddende engel, Jilmavi!!:D

Det jeg kan komme med er jo ikke det mest avanserte akkurat, er jo bare det jeg har lært på skolen.
Men synes det er veldig spennende også!

jilmavi
19-08-2007, 17:01
Ja, ikkje sant! I dag skal eg oppdatere fargegenetikktråden med rykande ferske nyhende frå forskninga! :D